LINDÅS: Radarparet Cato&Claus serverte førsteklasses underhaldning med strilekabareten «Heng ikkje på greip» laurdag.
Av Linda E. Eide
Strilen
Forventningsfulle strilar stod i kø i regnværet for å sjå og høyra Cato Jensen og Claus Sellevoll i strilekabareten «Heng ikkje på greip» i Isdalstø laurdag. Det heile starta strålende. Claus var svært overtydande som bonde i kjeledress frå Felleskjøpet, og kjefta bak ryggen på naboen om gjerdeplikt og bråtebrenning, og måtte løfta mjølkespann for å få ut sinnet. Einkvar med tilknyting til bønder og gard kunne lett |
|
kjenna seg att i treffande replikkar.
Brekke og Medaas
Midt i mjølkespannløftinga vart det pause grunna tekniske problem. Ein treminuttar vart til minst tjue for å få lyden på plass, men når silkestrilen Cato og strilebonden Claus var tilbake på scena, var det ikkje lenge før tekniske problem var gløymd. Dei to tok att for tapt tid med strålande tolkningar av mellom anna rørleggjarmusikaren Kurt Nilsen, vår lokale sportskarakter Helge Brekke, Jon Eikemo, Mons Ivar Mjelde og Ivar Medaas. Sanninga om Bjørn Jensen kom og fram, og publikum fekk vera med på ei minnestund som ikkje egnar |
|
seg på trykk. Med fengande dans, strålande stemmer og til tider hysterisk artige poeng fekk duoen publikum til å synga med og til å gapskratta.
Boyband
Ja, de må berre klappa. Da e vel fortent, seier Claus og bukkar og takkar, før det brakar laus i nye nummer. Og applausen hadde dei to komikarane verkeleg fortent, etter timar med ellevill humor, og urolege menneske i baren som måtte snakkast til fleire gonger. Cato&Claus avslutta med stil, og introduserte publikum for eit boyband frå Fotlandsvågen, før dei sjølvsagt også fekk plass til eit ekstranummer med ekstra frieri til kvinnene på første rad, og til kameralinsa. |
|
| MEGAHARRY: Ein yngre versjon av Bjørn Jensen tok turen innom Garveriet med ein megagitar, kledd med dyreskinn, blinkande lys og fyrverkeri. |
|