N
Untitled Document
HOVUDSIDA
NYHENDE
BIOGRAFEN
FONOGRAFEN
FOTOGRAFEN
HEIDERSPLASSEN
KRAMBUA
HEIMBYGDA
TINGING
KONTAKT
LENKJER
 
 

 

Om Cato & Claus :

Claus Sellevoll er ”strilebonde” oppvaksen i Alversund, medan Cato Jensen er
”silkestrilen” frå tekstilbygda Salhus. Sistnemnde , son til frontfiguren i Vinskvetten, Bjørn Jensen. Med ein ikkje så heilt ulik bakgrunn og interesse, fann dei to karane tonen i 2002. Etter ein knallhard korgafest i Salhus, tromla dei saman Cato & Claus.
Inntil dette hadde dei begge haldt på med revy, teater og musikk kvar for seg. To år seinare gjekk debut førestillinga Heng ikkje på greip av stabelen på Ole Bull Teater. Cato & Claus fekk strålande kritikkar og vart svært godt mottekne i Bergen og omegn.

 

OM HENG IKKJE PÅ GREIP :

Det er nærmast umulig å samla kjende strilar på ei og same scene. Men i strilekabareten Heng ikkje på greip har Cato & Claus samla dei alle. Jon Eikemo vender heim frå Oslo, Kurt Nilsen frå London mens Monsa-Mjelden tek turen frå Brann Stadion.
I frå Rothålå kjem Bjørn Jensen trillandes med Medaasen som febrilsk prøver å bana vei for sit-down komikarane.
Og meir har du i vente, i frå det mest sarkastiske til det svulmande romantiske.
Heng ikkje på greip er eit fyrverkeri av ein strileskabaret med ein ellevill blanding av musikk og ramsalte tekstar.

   

OM SINGEL & SAND:
I 2005 og 2006 var Cato & Claus med i Hordaland Teater si storsatsing Singel & Sand som gjekk på Ole Bull Scene.

Kabareten Singel & Sand er ein hyllest til viseforfattarane Josef G. Larssen og Monrad Holm Johnsen. Sistnemnte var også frontfigur i Salhuskvintetten, ei av dei mest populære gruppene i Norge på 60-talet. Singel & Sand –kabareten tek utgangspunkt i viseskatten til radarparet Larssen/Johnsen, som i første rekkje er gjort kjent gjennom Salhuskvintetten, Kari og Ivar Medaas og Stanley Jakobsen.
Mykje av førestillinga går føre seg i Bua hans Salamon, ei krambu basert på songen med same tittel, og som Salhuskvintetten gav ut på plate i 1966. Her får ein møta sladrekjerringar, ein triveleg og optimistisk kjøpmann og ein ungkar som veit alt så mykje betre enn alle andre.

Songane tek utgangspunkt i dei gamle melodiane til Salhuskvintetten men har fått ei musikalsk oppussing i form av nye arrangement.
På scena saman med Cato & Claus står Yvonne Algrøy, Helga Golten og musikarane Tove Kragset, Mads Eriksen Steinar Krogstad og Frank Hovland.
Singel & sand -førestillinga hausta både glitrande kritikkar og fulle hus.

For dei som ikkje fekk med seg Singel & Sand-kabareten kan låtane høyrast på plata Monraden sin mandolin som kom ut hausten 2006.

 

OM KYSS MEG ! :

Våren 2006 spelte Cato & Claus hovudrollar i Hordaland Teater si framsyning av ungdomstykket Kyss meg ! :
Du er 14 år. Du er forelska i same jenta som bestekompisen din. Læraren din mobbar deg. Mor di er halvgalen, i beste fall sprø. Og du har ikkje far. Dessutan er du den einaste i klassen som ikkje har fått hår der nede... ja, då er det berre ein ting å gjere; å påkalle høgare makter…
Og det er nettopp det Dennis gjer. Han blir utstyrt med magi som kan løyse dei fleste av hans problem, men som med nesten all magi, kan det få uante konsekvensar.
Cato Jensen har rolla som Dennis, medan Claus Sellevoll har rollene som Mick, lærar Sandstrøm og Himmelens sendebod.