Monrad Holm Johnsen var bygdemann meir enn han var verdsmann, arbeidsmann meir enn han var artist, og eg trur kunstnar var ein tittel han hadde for mykje vyrdnad for til at han ville bruka han om seg sjølv.
Og slik vart han av bygdefolket heller aldri sett på som kunstnar. Ikkje var han eksentrisk, ikkje var han sjølvgod eller nedlatande, ikkje var han innadvendt eller seg sjølv nok. «Holm'en» var ein vanleg mann av folket, med arbeid i fabrikken, med omgang med folk flest, med røter i foreiningslivet, med engasjement for bygda og nabolaget og føtene trygt planta der. Pertentleg, punktleg, arbeidssom, men også uvanleg gåverik og musikalsk. Monrad Holm Johnsen skulle ikkje erobra verda eller nasjonen eller Vestlandet. Det var bygda som var hans arena, hans scene.
Men sjølvsagt var det kunstnar han var. Langt større, langt meir talentfull, langt viktigare enn brorparten av dei som blir feira og dyrka og tilbedd og gjort til idol i dag. Etter Monrad Holm Johnsen står det ei musikalsk arv som få til no har forstått omfanget av. Viser og melodiar som lever og blir framført og verdsett av nye generasjonar, fortel om eit kunstnartalent som i levande live ikkje på langt nær oppnådde å bli anerkjent slik som fortent hadde vore.
Slik er Monrad Holm Johnsen i godt selskap, men eg trur ikkje han hadde vore komfortabel med for mykje ståhei og oppstuss. Midtpunkt og drivreim og kreativ kraft i Salhuskvintetten, ja, motor og hjarte og sjel i lokalidretten, ja, men motivasjonen var forankra i idealisme, ikkje i egoisme. Slik trivdest han best der han kunne vera ein del av fellesskapen, ein del av heilskapen, ein del av eit produktivt miljø.
«Holm'en» var slik som han framsto, ei einaste stor energikjelde. Ein inspirator, eit førebilete, ein naturleg leiar, men like fullt beskjeden på eigne vegner. Kjempa han for ei sak, gjorde han det med stort pågangsmot og usliteleg iver, men han gjorde det alltid på vegner av noko eller nokon, aldri for eiga vinning.
Monrad Holm Johnsen var kjuaguten frå byn, som vart ein av strilekulturens finaste formidlarar. Slik bygde hopehavet med Josef G. Larssen på minst ein sams grunnmur. Også Josef kom til strilane utanfrå, og også han hadde denne skarpe evna til observasjon, til innleving, til sympati og til formidling. Larssen såg og klarte å setja namn på strilens typiske karaktertrekk slik berre ein framand, ein gjest, ein iakttakar kunne vera i stand til. Med ballast frå dei jærske flatbygdene fanga han det nordhordlandske lynnet, småkårsfolkets strev, bondesammfunnets særmerkje, og atmosfæren i det vesle industrisamfunnet med hjørnesteinsbedrift og eit skarpskore sosialt hierarki. Nettopp distansen til miljøet var ein føresetnad for å lukkast i å skildra det.
Larssen har levd det meste av sitt vaksne liv på Austlandet. Berre i feriar har han vitja Vestlandet og Nordhordland. Gjennom ei søster som slo seg ned i den vesle grenda Sundsbø i Lindås fekk han høve til å læra strilen å kjenna. Med kjærleik og humør, men også med stort alvor, har Larssen sidan fortalt om strilens strev, og om bygdelivets ulike sider. Eit møte på dampskipskaien, ein replikk, eit uttrykk, eit fjes, ein fantasi var godt nok som utgangspunkt og inspirasjon til ein tekst frå Larssen si hand. Og tekstane varierte, som livet, mellom det muntre og det litt mørkare, mellom det grovkorna direkte og det inderleg poetiske.
Skrivinga tok Josef G. Larssen til med alt i sin ungdom, og sidan har han ikkje kunna stoppa. Larssen har i rundt 70 år dagstøtt hatt ein tekst eller fleire i produksjon. Han har aust av ei kjelde som aldri er gått tom. Dikt og rim og songtekstar er blitt til i eit slikt tempo at det nesten ikkje har vore råd å finna avsetnad for det i marknaden. Han har vore med og forsynt minst eit par generasjonar av markante visekunstnarar med materiale, men framfor alt har han med fin pensel og kjenslevare strøk vore med og måla det biletet nordmenn har av folk og bygder, karakterar, landskap og daglegliv i Vestlands-utkanten.
|